Namdal Historielag har tidligere gitt ut to bøker om namdalens eldre historie. Denne nye boka handler om den regionale utviklinga i Namdalen etter 1837, og viser hvordan lokale og nasjonale rammer og betingelser bidrar til å forme samfunnet i denne perioden. Det praktiske arbeidet med boka er ivaretatt av regionlagets styre, mens forfatteren har stått for det faglige arbeidet i et bredt samspill med boknemnd, bildekomite, lokale historielag, relevante institusjoner og enkeltpersoner. Innfallsvinkler og tema i boka er forfatterens valg. Fra historielagets side har det imidlertid vært et ønske at boka tydeliggjør de lange linjene i samfunnsutviklinga og det sør-samiske folkets historie i Namdalen skrives inn som en del av den felles historia. Med stor dyktighet har Øystein Idsø Viken skrevet et imponerende bokverk som vi håper vil glede og interessere mange. Vi håper at boka også vil være til nytte i den videre byggingen av våre felleskap. Fyldige noter og bred litteraturoversikt vil gi god hjelp til de som ønsker å gå nærmere inn i Namdalens nyere historie. Ved bokprosjektets avslutning takker vi alle de som på forskjellig vis har bidratt i arbeidet med å få gjennomført bokprosjektet. Arbeidet har vært en namdalsdugnad med betydelig frivillig innsats. Det har gjort det mulig å gjennomføre prosjektet.
Kjøp namdalens historie – bind 3 |
---|
Ønsker du kjøpe boka? Spesialpris Namdal historielag kr 500,- (Ord. pris 580,-) Bestilles ved å sende e-post: post@namdalhistorielag.no Husk å oppgi navn og leveringsadresse. |
Faktura sendes seperat. Porto tilkommer for ikke medlemmer. OBS: Begrenset opplag for ikke medlemmer. |
Øystein Lydik Idsø Viken har doktorgrad i historie frå Universitetet i Oslo, på ei avhandling om kirkas rolle i statsstyret mellom 1720 og 1814. Hans spesiale er politisk historie og idéhistorie, og han har skrevet artiklar om politisk kultur, sosial makt og utvikling av offentlegheita. Viken har jobba mye med allmennretta historieformidling, og gjennom fleire artiklar og innlegg har han for-midla norsk historie frå forhistorisk tid til i dag for et bredt publikum.
Namdalen er ein stor region nord i Trøndelag, sør for Helgeland. Store skogar, innsjøar og fleire fjellområde dekker mykje av distriktet, som samtidig òg har eit særeige kystlandskap. Frå gamalt batt elva Namsen saman namdal ingane, der dei møttest til marknadane i Overhalla og Nærøy. Tida etter 1837 endra denne fellesskapen, med nye samband og sosiale skilje. Namdalen vart opna opp for verda, men òg pressa av sentralisering. I denne boka ser forfattar Øystein Lydik Idsø Viken på dei lange linene i nyare tid.
Dette er forteljinga om dei ulike namdalingane, om samhaldet i utkantopprøret, om striden i ressurskampen. Venstrerørsla og bonderørsla, avhaldsfolket og ungdomslaga – motkulturane har vore sterke og motsetningane tydelege. Bygderadikalisme har stått mot nasjonal konservatisme og innbiten arbeidarkamp mot hevdvunnen paternalisme. Sterk lekmannsforkynning på kysten skilde seg frå frilyndt folkekultur i innlandet. Samisk organisering starta her, i møtet med press på reindrifta og kulturell assimilering. Namdalsk identitet er bygd på sosial nærleik og sterkt kulturelt fellesskap, men det har òg skapt grobotn for sjåvinisme og framandfrykt.
Hav, jord og skog – økonomien i Namdalen har vore bygd på naturressursar. Sagbruksnæringa vaks kraftig i andre halvdel av 1800talet, og primærnæringane vart sterkt moderniserte. I mellomkrigstida kom baksmellen, med mindre etterspurnad etter tømmer og sviktande fiske til dårlege prisar. Sjølvberginga i småbruk og tradisjonelt heimefiske vart då heller redninga for mange, før dei store omleggingane her kom i etterkrigsgenerasjonen. Industrialiseringa nådde aldri dei store høgdene i Namdalen – i staden endra havbruksnæringa regional næringsstruktur. Opplevingsturismen i laksefiske og jakt har samtidig vore viktig gjennom heile perioden. Ei slik hausting av naturen har skapt store endringar i landskapet: anten det gjeld utrydda rovdyr eller rovhogst, har Namdalen fått merke nytida på mange vis.
Finst det ein namdalsk identitet i motsetningane, og kva held distriktet saman i dag? Denne boka syner dei mange endringane som har forma eit moderne norsk landskapsområde og diskuterer grunnlaget for regionalt fellesskap i ei tid med samanslåing og fråflytting.
TIDLIGERE UTGITTE BIND:
Bind 1: Namdalens historie til år 1600.
Bind 2: Namdalens historie 1600-1837. Mellom skogen og havet
Bind 3: Namdalens historie 1837-fram til i dag. Verdsvant utkant – Kommer oktober 2023
Ønsker du kjøpe tidligere bøker: Kontakt Torbjørn Sellæg post@namdalhistorielag.no
Samarbeidspartnere og støttespillere til bind 3:
Namdal Regionråd
Trøndelag fylkeskommune
Sametinget NTS
Nordenfjeldske
Bykredits Stiftelse
Statskog
Arild og Emilie Baches Fond
Sparebank 1 SMN
Grong Sparebank
Jaras Eiendom
Skogselskapet i Trøndelag
Naumdøla Mållag
Namdalsavisa
Museet Midt
Saemien Sijte
Firma Albert Collett